• Grey LinkedIn Icon
  • Grey Facebook Icon
  • Grey Google+ Icon

© 2019 - Ungt Entreprenørskap

UE Forum 2020:

Fylkesmeisterskapen for elev-, ungdoms- og studentbedrifter

UE Vestland - Sogn og Fjordane 

Førdehuset, Førde 18. mars 2020

INFORMASJON OM STAND

Samtlege stands på messeområdet har lik utforming.  Mål på stand ser du på skissa under.  Standveggane er kvite. 

Bedrifter som skal delta i konkurransar på messa vil bli tildelt ein stand på omlag 2 kvadratmeter. For å markere standen til kvar bedrift som deltek i konkurransar vert det sett opp messeveggar for å skilje utstillingane. Målet på standen 1,96 x 1 m . Høgda er 2,5m. Dersom ein ynskjer å henge opp skilt, plakatar, bilete eller liknande på messeveggane skal det gjerast med tape, eller på ein måte som ikkje skadar messeveggane. Det vert tilgang til trådlaust internett i messeområdet. Dersom ein treng straumtilkopling må ein gje beskjed om dette ved påmelding til messa. Det er viktig at de planlegg standen nøye i forkant.